index

Kroken Hytte!




Velkomen til Fedje, Noregs vestlegaste øykommune.


Stadig fleire har fått augene opp for denne perla i havgapet, med spanande natur og tradisjonar.
På Fedje bør du ta ein "safari" til Hellisøy fyr, og prøve fiskelykka frå land eller frå båt. Du kan oppleve ein annerledes ferie med barsk natur, men også milde kveldar med solnedgang i blankt hav.

Hytta er på 100 kvadratmeter med 5-8 sengeplassar, og består av 4 soverom, ei stor stove, eit fullt innreda kjøken inkludert oppvaskmaskin, fryseboks og kjøleskap, 2 bad m/dusj, toalett og vaskemaskin.
Det er óg RiksTV med 18 kanalar, og radio/CD spelar.

Utanfor er det ein stor terrasse med utegrill og eige område for fiskeutstyr og sløying av fisk.


Utleige av 3 båtar.

Vi har to 15’’ båtar av aluminium med 15hk Suzuki og 4 taktar utanbordsmotor og en 19" plastsnekke m/10hk saab dieselmotor.
Det er óg mange gode muligheiter for dei som ønsker å fiske frå land.


Vertskap: Reidun og Jan Moldøen
Telefon: 56164189 / 90941893 / 95052343
E-mail: jan.moldoeen@online.no


Flere bileter av hytta og uteområdet




 

Tilbake til Linker

Startside || Pernillekafèen || Fedje Event Management || Turistinformasjon || Linker
Webdesign av HELdesign.com