Servicetelefonar: 484 85 363 / 922 83 233
Velkomen til Fedje Turistinformasjon!
Og til landsbyen i havet!
På desse sidene vil du finna nyttig informasjon om øya Fedje.
Fedje
er eit lite kystsamfunn mot Nordsjøen, ei lav øy i ein heil armada av rundt 125 mindre øyer, holmar og skjær. Eit lite stykke Noreg ute i havgapet, og ein forpost for landet innanfor.
Her bur "Fedjingen", og trivst med det.
Det bles frå nord, og det bles frå sør, - og iblant er det vindstille. Og ofte er det opplett, for skyene driv innover til fjordar og fjell.
Fedje har rundt 600 innbyggjarar, og har ein storleik på 9,3 km2. Det høgaste punktet er "Feibjørnen", som er 42 m.o.h.
"M/S Fedjefjord" tar deg med ut på bølgjene på ein 30 minuttars tur før du kjem til øya ute i havgapet.
Ferjekaien på Fedje er samlepunktet for øyas innbyggjarar. Herifrå kan du vandre til fots gjennom kystlandskapet rundt øya, kor frisk sjøluft og saltvannsbris er som balsam for sjela di.
Turistinformasjonen er berre ein 2 minuttars spasertur frå ferjekaien (50 meter til høgre), i lokala til Pernillekafeen, der du får servert nydelege, lokale rettar.
Hellisøy Fyr
vart bygd i 1855, og var det andre støypejernsfyrtårnet i Noreg. I dag er fyret automatisert.
I 2004 vart det kåra til eit av verdens topp 15 steder å besøke, av den britiske avisa "The Observer".
Det er også moglegheit for å overnatte i fyrvoktarboligen i autentiske omgjevnader. (For små grupper opp til 10 personar).
Open frå1 Mai - 1 September.
Fedje Kirke
blei bygd og vigsla i 1941. Den er open dagleg i sommarsesongen frå midten av Juni til midten av August.
Fedje Trafikk Sentral
har utsikt over Fedje og utover Nordsjøen. Herifrå overvåkast skipstrafikken opp og ned langs vestlandskysten, trafikken inn og ut frå Bergen havneområde og den viktige skipsleia inn til Mongstad.
Vinappen / Fedje Krigsminne
ligg på eit lite høgdedrag heilt vest på øya. Her er det ein fantastisk panorama utsikt utover havet. Området var opprinneleg beiteland for kyr, men dette endra seg då tyskarane okkuperte øya i 1940. Like før andre verdskrigen var det ein liten peilestasjon her, som vart brukt av det norske kystartilleriet i samband med øvingar på sjøen. Her finn du også ruinar av tyske installasjonar frå andre verdskrig. I turistinformasjonen får du kart over området og du kan så vandre i ei flott utandørs krigsminnesamling.
Fedje
er óg eit paradis for fiske, med mange gode fiskemuligheter.
Leige av båt er nødvendig.
Få tak i eit godt sjøkart med informasjon om dybde og ein guide som kan fortelja deg kor det er best å få tak i dei forskjellige typar fisk, så har du god moglegheit til å ende opp med ein god fangst.




